Kva med skulefag?

Utfordringa for oss vaksne som jobbar på denne skulen er å gripa tak i situasjonane som oppstår og skape fagleg læring ut av dei. Me har sjølvsagt naturfag, kunst og handverk, samfunnsfag, norsk, mat og helse, matematikk og kroppsøving. Men også musikk og engelsk flettar me inn i morgonsamlingane, som ein del av det sosiale fellesskapet.

Me er svært bevisste på å bruka rette omgrep på det me snakkar om. Gi rette namn på verktøy, jobbar me skal utføre, ting som skal hentast eller lokaliserast. Elevane har bruk for orda, og syner ofte at dei ønskjer å hugse dei.

Me har temadagar der me konsentrerer oss om eit emne heile dagen. Det har vore ulike tema, men oftast er dei relatert til naturfag og realkunnskap om det. Me reiser også på ekskursjonar til ulike bedrifter og stader i nærmiljøet vårt. Mest av alt handlar det om å gi konkret erfaring med teorien, kjenna på at det er viktig å ha kunnskap og få lyst til å læra! Motivasjon, rett og slett!

 

Heim

Ny start

Drifta på garden

Aktivitetar

Skulefag

Praktisk informasjon

Etterarbeid

Om oss

 

 

 

 

Kontakt oss: Kari Synnøve og Jan Idar Haugen, Austrheim 5574 Skjold, tlf: 52762009, mobil: 91631987, epost: kariveha@online.no
Du finn oss og på acebook.