Aktivitetar på gardsskulen

Me har mange ulike dyr, ein gard i full drift og mykje å halda ved like. Dyra skal ha stell, rett og passeleg fòr, dei skal merkast, teljast og ha gode stader å bu. På garden er det reelle ting som oppstår, det er ikkje konstruert eller oppdikta. Dyrlegen kjem når han må og me er med på det som er naturleg å ta del i. Vert det fødd einkalv eller dyr vert sjuke, må me ta hand om det før me fortset med det me skulle...

Me snekrar, skrur, fiksar og øver på praktiske ferdigheter som trengs i ulike arbeidsoppgåver. Når det er mogeleg tek me elevane med på byggeprosessar frå fundament til siste fjøl. Me vil visa at det krev tålmod og tid å fullføra ting. Mange byggverk på garden er prega av at dei er ledd i elevprosjekt, men samstundes har og elevane vore med på dei store byggeprosjekta som fjosen og eldhuset, og føler at dei eig litt i garden.

I skogen jobbar me mykje med å rydde beite eller lage ved. Då ynskjer me at tre som vert felt skal kvistast, delast og dragast fram til lagerplass. Me ryddar også brake, det er kjekt fordi det viser så godt igjen!

 

Heim

Ny start

Drifta på garden

Aktivitetar

Skulefag

Praktisk informasjon

Etterarbeid

Om oss

 

 

 

 

Kontakt oss: Kari Synnøve og Jan Idar Haugen, Austrheim 5574 Skjold, tlf: 52762009, mobil: 91631987, epost: kariveha@online.no
Du finn oss og på acebook.