Drifta på garden

Haugen gard er ein gard i full drift. Me har moderne fjos med mjølkerobot og datastyrt foring. Me har slaktegriser, sauer og mange ulike smådyr elles på garden. Hestar, geiter, hundar, kaniner, marsvin, høner, ender, påfuglar og kattar er viktige i skulesamanhengen! Sidan Jan Idar (bonden) er mykje med i skuledrifta leiger me ein del hjelp til gardsarbeidet.

 

Me har bygd lokaler til skuledrifta. Eit gammalt eldhus i tunet er restaurert og laga til samlingsrom med kjøkkenkrok og toalett. På fjosloftet, rommet over mjølkerobot og kontor i nyefjosen, har me laga eit stort lokale med utsyn over dyra i fjosen. Dessutan er det gamle mjølkerommet ombygd til garderobe for elevane og assistentane,

Det uvanlege med Haugen gard er at det er ein gard i full drift som har skule attåt. Dei fleste som driv med denne skuleformen har lagt ned gardsdrifta og har berre enkelte kjæledyr for å ha litt aktivitet med dei for elevane. Hos oss får elevane unik kunnskap om korleis ein moderne gard vert driven og kva det faktisk vil seie å drive ein gard.

 

Heim

Ny start

Drifta på garden

Aktivitetar

Skulefag

Praktisk informasjon

Etterarbeid

Om oss

 

 

 

 

Kontakt oss: Kari Synnøve og Jan Idar Haugen, Austrheim 5574 Skjold, tlf: 52762009, mobil: 91631987, epost: kariveha@online.no
Du finn oss og på acebook.