Praktisk informasjon

Ein kan søkje om plass ein eller to dagar i veka. Dersom eleven treng å ha med sin eigen assistent, får han ha det. Det er mogeleg å søkje inn elevar for mindre enn eit heilt år dersom ein føler det trengs hjelp i ein overgang, men dei fleste vert søkt inn med tanke på eit lengre løp. Søknadsskjema får du ved å kontakta oss. Det viktigaste med det, er å klargjere for deg sjølv og oss kvifor akkurat denne eleven kan ha nytte av ein skuledag på Haugen gard.

Alle elevane skal ha eigen kjeledress, regnklær og støvlar på garden. Me ynskjer også at dei har eit sett med bytteklær.

 

 

Skuledagen her startar ca kl 9 og sluttar slik at alle er tilbake på skulen sin til skyssen går heim. Dagsplanen vår er slik:

  • Samling
  • Dyrestell
  • Matpause
  • Arbeidsøkt
  • Oppsummering

Det er alltid nokon som lagar mat i arbeidsøkta, slik at me har litt å bite i til oppsummeringa. Ein blir ekstra svolten av å vere ute og i aktivitet på denne måten. Ein glad dag er ein god dag!

 

Heim

Ny start

Drifta på garden

Aktivitetar

Skulefag

Praktisk informasjon

Etterarbeid

Om oss

 

 

 

 

Kontakt oss: Kari Synnøve og Jan Idar Haugen, Austrheim 5574 Skjold, tlf: 52762009, mobil: 91631987, epost: kariveha@online.no
Du finn oss og på acebook.